lördag 23 februari 2008

Jogge seint halvvegs til månen

I dag har eg vore ute å jogga. Seint. Veldig seint. Eg rakk ikkje halvvegs til månen, men han eg var ute med har jogga så langt; Rune Larsson. Han er ein så kalla ultraløpar som spring helst lenger marathon. Gjerne i eit døgn.

Filosofien hans er at trenings skal vere kjekt. Ein skal etter kvar gong ein har trena ha lyst til å trene dagen etter. Heile tida skal ein høyre på kroppen. Ein skal rett og slett springe seint nok. Så seint at det ikkje er vondt å trene. Så seint at det kjennast bra i kroppen. Han jobba som gymlærar på ein skule i mange år, og har fått alle på ungdomskulen til å løpe 10 km. Då må ein vere ganske bra til å motivere. Då må ein springe seint. Aldri om eg ville ha sprunge 10 km då eg var 14. ALDRI.

Han var ein heilt utruleg fyr. Og eg som trudde at pappa sprang langt, men han må nok halde på ei god stund til om han skal att han her.

No har eg ete ein heil pose med smågodt for å kompensere jogginga i dag. Kanskje eg skal ut å springe seint i måra óg?

2 kommentarer:

andreas sa...

Eg er imot jogging, samme kor seint det går.

Å sa...

Og du er gymlärar? Korleis fungerar det? Eg trudde alle gymlärar elska 3000 m og 12 min testen.