onsdag 6 februari 2008

Husmorstatistikk

I dag skal Charlotte, Romain og eg utføre eit miniprosjekt i statistikk. Vi utføre eit så kalla 2^3 forsøk for å finne ut kva faktorar som er viktige for muffins. Både smak og kor store dei blir skal undersøkast. Vi skal studere 3 faktorar og ha to nivå av kvar faktor. (Det er derfor det heiter 2^3 forsøk) For å få betre data skal vi ha to omgongar med muffins. Smaken skal vurderast av fire personar og på ein 1- 10 skala.

Faktorar og nivå:

smelta sjokolade (+), Kakaopulver (-)
Bakepulver, 1 krm (+), Utan bakepulver (-)
14 min i ovnen (+), 12 min i ovnen (-)



Vi skal analysere dataen vi får ut ved hjelp av exel. Det vi vil finne ut er snittsmaken og kva faktorar som påverkar smaken. Er det nokre faktorar som er kopla? Kva er viktigast for smaken? Det same gjeld for storleiken. Kva er det som er viktig og er det nokon faktorar som er kopla?

Eg må innrømme at dette er ganske spennande. Det er kjekt å kobmbinere vitenskap og husmorkunskap. Om dette forsøket blir bra, kanskje eg skal teste andre ting på same måte. 2^3 forsøk er eit veldig bra, enkelt og sterkt verktøy for å enkelt finne ut kva faktorar som er viktige!

3 kommentarer:

Ingeborg sa...

Og Leiv Otto sa at eg gjekk på Mikke Mus-studium...

Anonym sa...

Kva er det som begynner på n og sluttar på erd???

andreas sa...

Dette var kjekt. Ventar spent på utførleg rapport her på bloggen.