onsdag 19 december 2007

God som ny...

I dag har eg brukt fire timar i eit romersk relaxbad. Det heile vart avslutta med "tvagning". Eg veit ikkje kva det heiter på norsk, men eg vart i allefall skrubba veldig grundig. 8Det gjorde nesten vondt for huden blir jo litt rar av å vere så lenge i badstu.)Eg trur at aldri har vore så rein för som er no. Reknar med det held seg sånn fram til på måndag.

No er eg altså nyvaska og klar for jul.

lördag 15 december 2007

Pepperkaker og Luciatog

Når ein er i eit anna land så prøver ein å oppleve så mykje som moglege av kulturen som er i landet. Eg kjenner at den veka her har eg gjort ein god innsats for å komme inn i den svenske adventskulturen.

Eigentleg byrja det forrige laurdag med ein bakedag. Eg skal innrømme at det er ganske likt å bake pepperkaker i Noreg og Sverige. Dei er ikkje vane med å pynte alle pepperkaker (ialle fall så mange som mogleg med så mykje non-stop som mogleg). Ein annan ting som eg reagerte litt på her var at dei satte saman pepperkakehuset før dei pynta det. Det kan eg rett og slett ikkje forstå. Utan tvil er det enklare å pynte det før ein set det saman. Eg er trass alt i Sverige så eg fekk godta det.

På torsdag var det Lucia. Det er svenskt. Nesten meir svensk enn sild og midsommerafton. Her eg bur så skal dei som har flytta inn i løpet av det siste året gå i Luciatog til resten av huset. Eg har ikkje vore i noko Luciatog sidan barnehagen og hadde planar om å ikkje møte opp. Det gjekk dårleg. Eg er trassalt her for å lære så mykje som mogleg om kulturen her. Klokka 0400 møtte eg opp trøtt og fæl i kvite klede på musikkrommet for å varme opp stemma før vi skulle starte. Det er heilt absurd å varme opp så tideleg på morgonen. For å vere godt budd hadde eg lest gjennom teksten på Luciasangen. Det viste seg å vere for dårleg førebuing. Her skulle fire ulike songar syngast. Fire ulike luciasongar. Det er ikkje spesielt lett å vere tekst på songar ein aldri har hørt før midt på natta. Eg smilte mest og sang ikkje så mykje i toget. Vi var ferige å gå halv seks og eg kan ikkje heilt forstå dei som vil bli vekt midt på natta av kvitkledde trøtte mennsker som synger og gjer deg pepperkaker. Merkeleg tradisjon... Til neste år har allereie ei eg studerar med sagt at ho kjem og overnattar sånn at ho kan få oppleve eit luciatog. Velkomen seier eg til ho og alle andre som vil komme og oppleve denne svenske tradisjonen.