onsdag 21 november 2007

The beginner´s guide ti winning the Nobel prize

I dag har eg lånt ei fantastisk bok! Ein guide til å vinne nobel prisen. På framsida er det bilete av ein liten gut som syklar. På bak sida ein vaksen mann som helse på den svenske kongen. Det er vel om lag så langt eg er komen i boka, men eg lover med å kome med gode råd og vink om korleis ein skal verte nobel pris vinnar.

Meg og ei av dei eg studerar med har tenkt at vi skal byrje med å ha nobel middag den 10.desember. (Er det ikkje då nobeldagen er?) Dette meiner eg er ein idé som fleire burde ta til seg. Ein kvar anledning for eit godt måltid er vel ein god anledning. Det er berre å byrje å tenke ut menyen og prøve å få tak i nobel serviset.

måndag 19 november 2007

Göteborg i sitt ess

Det er om våren. No verkar våren uendeleg langt vekke. Det som er positivt med det er at det er nokon ein kan glede seg til. Eg gler meg til våren.

Og för våren kjem skal eg mellom anna ete pinnekjött og vere på romersk relax bad. Det óg gler eg meg til, men eg trur eg gler meg mest av alt til våren...

måndag 12 november 2007

Internett i senga og hårvask på 50-talet

Eg er kanskje ikkje den mest aktive bloggaren eg veit om. Til dømes greide eg ikkje å få skrive noko som helst i oktober. (Kvar har oktober tatt vegen? Den er vekke.) Men no kan det verte anleis. Eg har ikkje hatt internett heime. Korleis det er mogleg i 2007 kan ein jo spørre seg om. Men i allefall Live var her i helga og fiksa litt ting på datamaskina mi. Vips så hadde eg internett. Fantastisk. No kan eg ha datamaskina mi senga og ingen andre stadar om eg vil ha internett. Det er ulempa med å ha fått så stort rom. I Volrat kunne eg ha internett kvar eg enn ville, her i Jeriko er det litt anleis.

Det har kome opptil fleire (heile to) oppfordingar å fortsette med bidrag frå husmorleksikonet. Eg lovar å kome sterkare tilbake med det. Inntill det skjer, så hugs å vaske håret annan kvar veke. Kanskje litt oftare om det blir fett. Men blir det fett så er eit godt hårvatn trikset. Dessutan så er det ikkje så bra med elektrisk hårtørkar. Det slit veldig på håret, derfor bør man av og til vaske håret heime slik at ein kan tørke det forsiktig med varme tørre handkle. Lyst hår skal skyllast med kamomille te og mørkt hår skal vaskast med quillajabark og skyllast med sterk te.
Har ein matt og livlaust hår kan ein med fordel ta ein eggekur. Etter at ein har vaska håret gnir ein det inn med eggeplomme som er piska i litt lukna vatn. Ein skal gni egget godt inn i hodebunnen og skylle godt med eddikvatn. Behandlingen kan gjerne gjentas med 3-4 dagar i mellom, men ein treng ikkje å vaske håret kvar gong.

Kanskje eg skal teste det her. Eller kanskje eg skal la vere. Sannleg om eg veit.