söndag 30 september 2007

Smulan, grynet, sleng deg i veggen

Av og til er det godt at ein forstår engelsk når ein ser på Sopranos med svensk tekst.

Smulan, grynet = baby

Sleng deg i veggen = Fuck you

Merkeleg språk, merkelege folk.

fredag 21 september 2007

Inga konstigheter, bara glass

Lejnonet och Björnen!

Meir treng ein ikkje å seie. Den aller beste isen:)

onsdag 19 september 2007

Min andre (gratis) sofa

Eg har fått meg ein sofa, og fått er rette ordet. Folk har for mykje pengar og ting for tida, sidan dei kan gje meg ein sofa. Alt eg trengte å gjere var å bere den opp til meg. Perfekt.

Dette er min andre sofa. Den förste sofaen fekk eg óg. Historien bak den sofaen er meir spennande enn den her. Så lenge folk vil gje vekk gode sofaer skal eg stå med opne armar.

Lurer på kva husmorleksikonet seier om det.

lördag 15 september 2007

Ein av mine store kjærleikar nære døden

Eg har fått meg ein ny stor kjærleik; Chillitreet mitt. Det er berre det at det er litt vanskeleg å gje chillitreet alt det som det treng. Vatn, sol, kjærleik for å nemne noko av det som det treng.

Her hjå meg er det dårleg med lys så no har det flytta inn hjå S. Der har det det ganske godt, men då eg kom dit i går hang det med alt som det kan henge meg. Eg var sikker på at det var dødt. S. trøsta meg og sa at det var jo framleis grønt og rødt. Eg trøsta treet og sa at det kom til å gå bra. Og i dag strakk det på seg. Lurer på kor mange gonger det kan overleve ein slik behandling.

Og no når vi er inne på plantar, så tok eg vekk alle blada på basilikummen min i dag. håpar at den overlever det.

Eg er ikkje ein veldig god gartner. Har ikkje på kome til det i husmorleksikonet mitt enno. Det er sikkert litt å lære der.

onsdag 12 september 2007

ABC for reinhald i heimen

Eg er så pass frimodig at eg ein gong til siterar Husmorleksikonet. Sjølv fekk eg litt å tenke på då las det her.

"Rengjøringsskapet

Enhver leilighet bør ha eget skap eller rom til rengjøringsredskapene. Det bør vere så stort at det gir plass til alle redskapene. Det må vere god ventilasjon, og kluter o.l. bør ikke legges våte inn.
Et velinnredet skap inneholder for eksempel:

(Og no kjem det som fekk meg til å tenke litt)

Støvsuger
Bonemaskin eller boneblokk
Bøtte med innsats til såpevann.
Mopp.
Minst 1 stort emaljert fat.
Lang kost.
Halvlang kost med feiebrett. (Det har eg...)

(Her trudde eg at lista var slutt, men eg tok feil. Det oppdaga eg då eg bladde om.)

Børster: Klebørste, sengklebørste, badekarbørste, bløt kost til vask av maling, skurebørste.
Teppebanker.
Gummipute til beskyttelse av knærne. (!)
Pussesaker til sko. (Det har eg óg...)
Gummiskyver til vinduspuss.

Kluter:
Støvtørring: Skin eller støvkluter av flanlell. Til pussing av polerte mæbler også noen linkluter.
Vinduspuss: svamp, pusseskin, linkluter.
Boning: Ullkluter
Metallpuss: Bomullskluter.
Malingsvask: bløte kluter av bomull eller lin.
Dessutan forskjellige kluter til opptørking o.l.

Pussemiddler.
Såpe og andre vaskemidler.
En vokstrukket kurv til å samle redskapene i mens man arbeider."

Puh... Det var alt. Eg har feiekost, skopuss og litt klutar. Dessutan har eg tilgong til støvsuger. Når eg får studielånet mitt veit eg kva eg skal bruke det på.

fredag 7 september 2007

Sanning om frukt og bær

" Frukt og bær er sikringskost. Vi trenger en bestemt mengde C-vitamin pr. dag, se kostlæren. Det gjelder at vi i sommerens løp gjemmer så meget som mulig av sommerens sol og helsebringende vitaminer på flasker og glass. Så har vi våpen å kjempe med når vinterens forkjøleslsebasiller går til offensiv. C-vitamin reserve er det beste middel mot alle infeksjonssykdommer." (Benneche G., Thomsen R., Husmorens leksikon, 1947)

Eg gler meg til eg skal ta fram kirsebærlikøren og plommesausen i kamp mot basiller.