lördag 15 september 2007

Ein av mine store kjærleikar nære døden

Eg har fått meg ein ny stor kjærleik; Chillitreet mitt. Det er berre det at det er litt vanskeleg å gje chillitreet alt det som det treng. Vatn, sol, kjærleik for å nemne noko av det som det treng.

Her hjå meg er det dårleg med lys så no har det flytta inn hjå S. Der har det det ganske godt, men då eg kom dit i går hang det med alt som det kan henge meg. Eg var sikker på at det var dødt. S. trøsta meg og sa at det var jo framleis grønt og rødt. Eg trøsta treet og sa at det kom til å gå bra. Og i dag strakk det på seg. Lurer på kor mange gonger det kan overleve ein slik behandling.

Og no når vi er inne på plantar, så tok eg vekk alle blada på basilikummen min i dag. håpar at den overlever det.

Eg er ikkje ein veldig god gartner. Har ikkje på kome til det i husmorleksikonet mitt enno. Det er sikkert litt å lære der.

1 kommentar:

mattias sa...

Så trist!

Jeg var ved din side i den gledens stund, da det lille treet kom ut av plastposen. Jeg er lei meg, at jeg ikke kunne være der, når det gjør ondt.

Lykke til.