måndag 12 november 2007

Internett i senga og hårvask på 50-talet

Eg er kanskje ikkje den mest aktive bloggaren eg veit om. Til dømes greide eg ikkje å få skrive noko som helst i oktober. (Kvar har oktober tatt vegen? Den er vekke.) Men no kan det verte anleis. Eg har ikkje hatt internett heime. Korleis det er mogleg i 2007 kan ein jo spørre seg om. Men i allefall Live var her i helga og fiksa litt ting på datamaskina mi. Vips så hadde eg internett. Fantastisk. No kan eg ha datamaskina mi senga og ingen andre stadar om eg vil ha internett. Det er ulempa med å ha fått så stort rom. I Volrat kunne eg ha internett kvar eg enn ville, her i Jeriko er det litt anleis.

Det har kome opptil fleire (heile to) oppfordingar å fortsette med bidrag frå husmorleksikonet. Eg lovar å kome sterkare tilbake med det. Inntill det skjer, så hugs å vaske håret annan kvar veke. Kanskje litt oftare om det blir fett. Men blir det fett så er eit godt hårvatn trikset. Dessutan så er det ikkje så bra med elektrisk hårtørkar. Det slit veldig på håret, derfor bør man av og til vaske håret heime slik at ein kan tørke det forsiktig med varme tørre handkle. Lyst hår skal skyllast med kamomille te og mørkt hår skal vaskast med quillajabark og skyllast med sterk te.
Har ein matt og livlaust hår kan ein med fordel ta ein eggekur. Etter at ein har vaska håret gnir ein det inn med eggeplomme som er piska i litt lukna vatn. Ein skal gni egget godt inn i hodebunnen og skylle godt med eddikvatn. Behandlingen kan gjerne gjentas med 3-4 dagar i mellom, men ein treng ikkje å vaske håret kvar gong.

Kanskje eg skal teste det her. Eller kanskje eg skal la vere. Sannleg om eg veit.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hehe, artig lesning:) Godt å hørra at det e liv i deg jafall. Håpe du har det fint!
Det va godt å treffa deg igjen Ågot, sjøl om det helst sko ha vært i ein aen setting. Du e go!
Klem Katrine

--
http://apeland.wordpress.com