lördag 15 december 2007

Pepperkaker og Luciatog

Når ein er i eit anna land så prøver ein å oppleve så mykje som moglege av kulturen som er i landet. Eg kjenner at den veka her har eg gjort ein god innsats for å komme inn i den svenske adventskulturen.

Eigentleg byrja det forrige laurdag med ein bakedag. Eg skal innrømme at det er ganske likt å bake pepperkaker i Noreg og Sverige. Dei er ikkje vane med å pynte alle pepperkaker (ialle fall så mange som mogleg med så mykje non-stop som mogleg). Ein annan ting som eg reagerte litt på her var at dei satte saman pepperkakehuset før dei pynta det. Det kan eg rett og slett ikkje forstå. Utan tvil er det enklare å pynte det før ein set det saman. Eg er trass alt i Sverige så eg fekk godta det.

På torsdag var det Lucia. Det er svenskt. Nesten meir svensk enn sild og midsommerafton. Her eg bur så skal dei som har flytta inn i løpet av det siste året gå i Luciatog til resten av huset. Eg har ikkje vore i noko Luciatog sidan barnehagen og hadde planar om å ikkje møte opp. Det gjekk dårleg. Eg er trassalt her for å lære så mykje som mogleg om kulturen her. Klokka 0400 møtte eg opp trøtt og fæl i kvite klede på musikkrommet for å varme opp stemma før vi skulle starte. Det er heilt absurd å varme opp så tideleg på morgonen. For å vere godt budd hadde eg lest gjennom teksten på Luciasangen. Det viste seg å vere for dårleg førebuing. Her skulle fire ulike songar syngast. Fire ulike luciasongar. Det er ikkje spesielt lett å vere tekst på songar ein aldri har hørt før midt på natta. Eg smilte mest og sang ikkje så mykje i toget. Vi var ferige å gå halv seks og eg kan ikkje heilt forstå dei som vil bli vekt midt på natta av kvitkledde trøtte mennsker som synger og gjer deg pepperkaker. Merkeleg tradisjon... Til neste år har allereie ei eg studerar med sagt at ho kjem og overnattar sånn at ho kan få oppleve eit luciatog. Velkomen seier eg til ho og alle andre som vil komme og oppleve denne svenske tradisjonen.

3 kommentarer:

Hedda sa...

Og umiddelbart var det mange spørsmål som dukka opp i hodet mitt...

1. Kvifor deler ikkje luciatoget ut lussekattar?
2. Kvifor må det toget gå på eit så ukristeleg tidspunkt?
3. Trur du at i Norge er det vanleg å pynte alle pepperkakene sine? Det er det ikkje. Det er berre i Langeberget...
4. Trur du at i Norge er det vanleg å pynte pepperkakehuset før ein set det saman? Det er det ikkje.
5. Er det verkeleg for å lære så mykje som mulig om kulturen at du flytta til Sverige? Det trur eg ikkje på. Då ville eg iallefall heller ha valt eit anna land, men...
6. Kjem du snart heim til jul?

Live sa...

Eg gler meg til busstur på fredag! Ta med hodetelefonar, så kan vi sjå film eller noko. Eg har dobbelplugg.

Anonym sa...

Svar til Hedda:

1. Det er styr å bake så mange lussekattar og så blir dei törre för du er ferdig med å synge luciasongen. Lussekattar er overvurderte.

2. For at alle som vil ha besök skal få det för klokka sju. Ikkje spör meg kvifor.

3. Eg har berre baka pepperkaker i Langeberget. Langeberget er i Noreg. Altså, alle pynter alle pepperkakene sine. Kvifor skulle dei ikkje gjere det? Nordmenn er ikkje dumme.

4. Eller er dei det? Kvifor skal ein sette saman huset för ein pyntar det? Er det berre i Langeberget det er smarte nordmenn?

5. Så klart er det for kulturen eg er her. I Sverige er det ikkje så store skilnadar frå Noreg, så no kjem eg heim snart:)

6. Eg kjem saman med söstra di med bussen på fredag. Om vi kjem oss trygt fram. Dei råköyrer visst med bussane fortida.


Svar til Live:

Eg gler meg óg. Eg skal ta med hodetelefonar. Eg er klar for film eller kva som helst! Håpar at dei råköyrer litt.