fredag 8 februari 2008

Husmorstatistikk (framhald)

Vi er ferdige å bake, til og med oppvasken er gjort. Det som er att er å skrive ein bra repport. Nett no sit eg og analysarar rådataen. Det er ikkje så lett som ein skulle tru. For det første så vert ein litt forvirra av kva som er kva.



Problem:

1)I oppskrifta stod det vi skulle lage eggedosis. Det hadde mine franske medarbeidarar aldri gjort før. Dei trudde ikkje på at ein egg og sukker kunne bli så stivt at ein kunne skrive "ole" på det.

2) Vi valgte å bruke to ovnar av same merke og same type. Det viste seg å ikkje vere så veldig smart av oss. Vi hadde tenkt å steike dei i 12 og 14 min. Etter 10 min lukta det veldig brent på kjøkkenet, så vi tok ut det eine brettet. Dei var brente. Det andre brettet lot vi stå inne i eit minutt til. Dei var berre litt brente. Altså dei med kortast tid i ovnen var mest brent.

3) Vi hadde eit randomisert forsøk då vi smaka på dei. R.merka alle muffinsane sånn at vi ikkje såg det då vi smaka. C. skar vekk det meste som var brent. Ja, då var det berre til å smake. 16 muffinsar er litt i meste laget. Dessutan er det vanskeleg å avgjere kva som er ein femmar og kvar som er ein trear. Når ein studerar tabellen kan ein sjå at R.likte brente muffins betre enn C. Eit godt døme er å sjå på muffins nummer 1. Variansen er stor. Ein betre skala og fleire testpersonar og omgongar med muffins ville nok ha vore med på å forbetre dette.




Resultat:

Det er vanskeleg å dra nokre sikre konklusjonar frå forsøket grunna at det alle muffinsane vart brent og sidan ein har så lite material. Det ein kan seie at det var ein negativ samanheng mellom bruken av bakepulver og smelta 46% sjokolade når det kom til kor stor muffins ein fekk. Dei muffinsane med begge dei to faktorane hadde ein tendens til å kolapse. Dessutan så hadde smelta sjokolade ein negativ effekt når det kom til smaken. Dette kan ha med å gjere at brent smelta sjokolade smakar meir ekkelt enn når kakao blir brent.

Konklusjon

Ein kan ikkje alltid stole på ovnen ein brukar. Dessutan kan ein seie at kombinasjonen bakepulver og smelta sjokolade er dårleg. Det skal tilleggast at smelta sjokolade utan bakepulver var min personlege favoritt.