fredag 27 november 2009

Eg har jo ein blogg!

Eg googla meg sjølv i dag, og fann ut at eg har ein blogg. Kanskje eg må ta tak i det her igjen. Eller kanskje ikkje...

tisdag 4 mars 2008

Brödbaking med steiketermometer

I dag har eg baka bröd. Rettare sagt eg har steikt bröd, for deigen satte eg i går kveld. Det er eigentleg ikkje så spennande at eg har baka bröd for det skjer med jamne mellomrom, men i dag testa eg ut noko nytt.

"Följ mine tider om du vill ha knpriga bröd och använd en termometer om du är osäker, framförallt till fullkornsbröd" (Bröd, Jan Hedh) Eg var litt usikker så eg putta inn termometeret i brödet og venta til det var på 97 grader. Det tok ca ein time, altså like lang tid som det stod i oppskrifta. Eg har ikkje smakt på brödet enno, men eg gler meg til det:)

lördag 23 februari 2008

Jogge seint halvvegs til månen

I dag har eg vore ute å jogga. Seint. Veldig seint. Eg rakk ikkje halvvegs til månen, men han eg var ute med har jogga så langt; Rune Larsson. Han er ein så kalla ultraløpar som spring helst lenger marathon. Gjerne i eit døgn.

Filosofien hans er at trenings skal vere kjekt. Ein skal etter kvar gong ein har trena ha lyst til å trene dagen etter. Heile tida skal ein høyre på kroppen. Ein skal rett og slett springe seint nok. Så seint at det ikkje er vondt å trene. Så seint at det kjennast bra i kroppen. Han jobba som gymlærar på ein skule i mange år, og har fått alle på ungdomskulen til å løpe 10 km. Då må ein vere ganske bra til å motivere. Då må ein springe seint. Aldri om eg ville ha sprunge 10 km då eg var 14. ALDRI.

Han var ein heilt utruleg fyr. Og eg som trudde at pappa sprang langt, men han må nok halde på ei god stund til om han skal att han her.

No har eg ete ein heil pose med smågodt for å kompensere jogginga i dag. Kanskje eg skal ut å springe seint i måra óg?

onsdag 20 februari 2008

Det går dårleg for Ågot

Resultat av navnesøk

Du søkte på kvinnenavnet: Ågot

Det er 720 kvinner som har Ågot som første fornavn.
Det er 376 kvinner som har Ågot som eneste fornavn.

Namnsökning = Ågot
Kvinnliga bärare
Antal: 73 (Eg lurer på om eg er med her, sidan eg er folkeregisert i Sverige.)
Det var ingen flicka som föddes år 2002 som fick detta namn.

Info
Norsk form av namnet Agata.
Namnet har ingen namnsdag.



Ser ein på grafane for utviklinga for namnet Ågot, så ser det dårleg ut. Det var ein topp på 30-talet og etter det har det gått nedover. Eg håpar å sjå ei endring der snart. Det er berre å kalle opp born etter meg, så skal eg gjere mitt beste for å vere eit godt forbilde.

fredag 8 februari 2008

Husmorstatistikk (framhald)

Vi er ferdige å bake, til og med oppvasken er gjort. Det som er att er å skrive ein bra repport. Nett no sit eg og analysarar rådataen. Det er ikkje så lett som ein skulle tru. For det første så vert ein litt forvirra av kva som er kva.



Problem:

1)I oppskrifta stod det vi skulle lage eggedosis. Det hadde mine franske medarbeidarar aldri gjort før. Dei trudde ikkje på at ein egg og sukker kunne bli så stivt at ein kunne skrive "ole" på det.

2) Vi valgte å bruke to ovnar av same merke og same type. Det viste seg å ikkje vere så veldig smart av oss. Vi hadde tenkt å steike dei i 12 og 14 min. Etter 10 min lukta det veldig brent på kjøkkenet, så vi tok ut det eine brettet. Dei var brente. Det andre brettet lot vi stå inne i eit minutt til. Dei var berre litt brente. Altså dei med kortast tid i ovnen var mest brent.

3) Vi hadde eit randomisert forsøk då vi smaka på dei. R.merka alle muffinsane sånn at vi ikkje såg det då vi smaka. C. skar vekk det meste som var brent. Ja, då var det berre til å smake. 16 muffinsar er litt i meste laget. Dessutan er det vanskeleg å avgjere kva som er ein femmar og kvar som er ein trear. Når ein studerar tabellen kan ein sjå at R.likte brente muffins betre enn C. Eit godt døme er å sjå på muffins nummer 1. Variansen er stor. Ein betre skala og fleire testpersonar og omgongar med muffins ville nok ha vore med på å forbetre dette.




Resultat:

Det er vanskeleg å dra nokre sikre konklusjonar frå forsøket grunna at det alle muffinsane vart brent og sidan ein har så lite material. Det ein kan seie at det var ein negativ samanheng mellom bruken av bakepulver og smelta 46% sjokolade når det kom til kor stor muffins ein fekk. Dei muffinsane med begge dei to faktorane hadde ein tendens til å kolapse. Dessutan så hadde smelta sjokolade ein negativ effekt når det kom til smaken. Dette kan ha med å gjere at brent smelta sjokolade smakar meir ekkelt enn når kakao blir brent.

Konklusjon

Ein kan ikkje alltid stole på ovnen ein brukar. Dessutan kan ein seie at kombinasjonen bakepulver og smelta sjokolade er dårleg. Det skal tilleggast at smelta sjokolade utan bakepulver var min personlege favoritt.

onsdag 6 februari 2008

Husmorstatistikk

I dag skal Charlotte, Romain og eg utføre eit miniprosjekt i statistikk. Vi utføre eit så kalla 2^3 forsøk for å finne ut kva faktorar som er viktige for muffins. Både smak og kor store dei blir skal undersøkast. Vi skal studere 3 faktorar og ha to nivå av kvar faktor. (Det er derfor det heiter 2^3 forsøk) For å få betre data skal vi ha to omgongar med muffins. Smaken skal vurderast av fire personar og på ein 1- 10 skala.

Faktorar og nivå:

smelta sjokolade (+), Kakaopulver (-)
Bakepulver, 1 krm (+), Utan bakepulver (-)
14 min i ovnen (+), 12 min i ovnen (-)



Vi skal analysere dataen vi får ut ved hjelp av exel. Det vi vil finne ut er snittsmaken og kva faktorar som påverkar smaken. Er det nokre faktorar som er kopla? Kva er viktigast for smaken? Det same gjeld for storleiken. Kva er det som er viktig og er det nokon faktorar som er kopla?

Eg må innrømme at dette er ganske spennande. Det er kjekt å kobmbinere vitenskap og husmorkunskap. Om dette forsøket blir bra, kanskje eg skal teste andre ting på same måte. 2^3 forsøk er eit veldig bra, enkelt og sterkt verktøy for å enkelt finne ut kva faktorar som er viktige!

onsdag 19 december 2007

God som ny...

I dag har eg brukt fire timar i eit romersk relaxbad. Det heile vart avslutta med "tvagning". Eg veit ikkje kva det heiter på norsk, men eg vart i allefall skrubba veldig grundig. 8Det gjorde nesten vondt for huden blir jo litt rar av å vere så lenge i badstu.)Eg trur at aldri har vore så rein för som er no. Reknar med det held seg sånn fram til på måndag.

No er eg altså nyvaska og klar for jul.